Jaan Poska
Jaan Poska | |||
| |||
Fødd | 24. januar 1866 Laiuse | ||
---|---|---|---|
Død | 7. mars 1920 (54 år) | ||
Statsborgar av | Det russiske imperiet, Estland | ||
Yrke | politikar, diplomat, advokat, ordførar | ||
Utdanna ved | Det keiserlige universitet i Dorpat | ||
Barn | Xenia Poska, Vera Poska-Grünthal, Jaan Poska, Helene Poska-Niinemann, Jüri Poska, Tatjana Poska-Laaman | ||
Alle verv |
Jaan Poska (fødd 24. januar 1866 i Jõgeva vald, død 7. mars 1920 i Tallinn) var ein estisk jurist og politikar. Han var ordførar i Tallinn og blei i 1918 den fyrste utanriksministeren i landet.
I 1890 tok Poska juridisk eksamen ved Universitetet i Tartu og arbeidde deretter som advokat i Tallinn. Han var i åra 1913 til 1917 ordførar i Tallinn. I april 1917 vart Poska guvernør i Det autonome guvernatet Estland. Etter at Maapäev, den estiske provinsforsamlinga, erklærte seg som den øvste styresmakta i landet i november 1917, følgde den estiske sjølvstendeerklæringa 23. februar 1918. Poska vart den 24. februar utnemnd til utanriksminister i den fyrste regjeringa i Estlands og verka i denne stillinga for internasjonal anerkjenning av Estland, mellom anna ved å delta under fredsforhandlingane i Paris i 1919.
Poska gjekk av som utanriksminister i 1919, men heldt fram med å spele ei sentral rolle i estisk utanrikspolitikk. Han leidde den estiske delegasjonen under forhandlingane med Sovjet-Russland og underteikna 2. februar 1920, på vegne av Estland, den såkalla Tartu-traktaten, som innebar russisk anerkjenning av sjølvstendet til Estland.