Limosa
Limosa | |
Svarthalespove, Limosa limosa Foto: Andreas Trepte
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Limosa Brisson, 1760 |
Limosa er ei biologisk slekt av fire spovar, med lange, svakt oppeikande nebb og lange bein. Dette er sterkt trekkjande vadefuglar i snipefamilien som dannar store flokkar på kysten og i elvemunningar om vinteren.
Dei kan skiljast frå Numenius-spovar som har kraftig nedkurva nebb, og frå bekkasinsniper som har korte bein. Vinterdraktene er ganske fargelause, men tre artar har raudleg underside i hekketida. Hoene er vesentleg større enn hannane.
Dei lange, diskret oppeikande nebba deira tillèt dei å sondere djupt i sanden etter vasslevande makk og blautdyr. Limosa-spovane vitjar hyppig tidevassona i strandlinja, hekkar i nord om sommaren og migrere sørover om vinteren. I vinterkvartera flokkar dei saman der maten er rikeleg. Ein hofugl av lappspove innehar rekorden for lengste registrerte flyging utan stopp.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Limosa-spovane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fuglar. [2]
- Svarthalespove, Limosa limosa
- Svartvengspove, Limosa haemastica
- Lappspove, Limosa lapponica
- Kanelspove, Limosa fedoa
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første versjon av denne artikkelen bygger på «Godwit» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2011
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar av spovar hos the Internet Bird Collection