Hopp til innhald

Sein jura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalksteinsklipper frå øvre jura ved Bat's Head i Dorset i Storbritannia.

Sein jura (i geologi kalla øvre jura, i Europa ofte kalla malm) er den siste av tre epokar i perioden jura. Han varte frå 161,2± 4,0 til 145,5 ± 4,0 millionar år sidan.[1]

Sein jura er delt inn i tre aldrar:

  Tithonium (150,8 ± 4,0 – 145,5 ± 4,0 millionar år sidan)
  Kimmeridgium (155,7 ± 4,0 – 150,8 ± 4,0 millionar år sidan)
  Oxfordium (161,2 ± 4,0 – 155,7 ± 4,0 millionar år sidan)

Paleogeografi

[endre | endre wikiteksten]

Pangaea delte seg opp i dei to superkontinenta Laurasia i nord og Gondwana i sør. Dette førte til Atlanterhavet vart danna, men det var på denne tida smalt.

Rekonstruksjon av sauropoden Camarasaurus ved Museo del Jurásico de Asturias.

Periodne er kjend for mange kjende dinosaurar, som sauropodar, therapodar, thyreophorar og ornithopodar. Andre dyr, som krokodillar og dei første fuglane, dukkar opp for første gong i jura.

  1. Owen 1987.
Jura
Tidleg/nedre jura Mellomjura Øvre/sein jura
Hettangium | Sinemurium
Pliensbachium | Toarcium
Aalenium | Bajocium
Bathonium | Callovium
Oxfordium | Kimmeridgium
Tithonium