Sivert Todal
Utsjånad
Sivert Todal | |||
Fødd | 13. september 1904 | ||
---|---|---|---|
Død | 30. september 1988 (84 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Sivert Todal (13. september 1902–30. september 1988) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Aure på Nordmøre, som representerte partiet Venstre på Stortinget i åtte år.
Todal, som var son til ein gardbrukar, gjekk i 1924 fylkeslandbruksskulen på Gjermundnes i Vestnes herad. Han var aktiv i ungdomslagsrørsla, formann 1934-39 i Nordmøre Ungdomslag. I 1941 tok han over farsgarden, eit bruk han dreiv til han vart 70. Åra 1952-57 var han ordførar i Aure.
Hausten 1957 vart Todal vald til stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, og han vart attvald fire år seinare. Gjennom dei åtte åra på Stortinget var han heile tida medlem i Administrasjonskomiteen.