Hopp til innhald

Pljevlja

Koordinatar: 43°21′N 19°21′E / 43.350°N 19.350°E / 43.350; 19.350
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pljevlja
Byvåpenet til Pljevlja
Byvåpenet til Pljevlja
Styresmakter
Land
Montenegro
Grunnlagd 600- eller 700-talet
Borgarmeister Dario Vraneš
Geografi
Flatevidd 1 346 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2023)

24 542
Koordinatar 43°21′N 19°21′E / 43.350°N 19.350°E / 43.350; 19.350
Høgd over havet 770 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 84210
Telefon-retningsnummer 89
Bilnummer PV
Heimeside: pljevlja.me
Plassering
Plassering av Pljevlja
Plassering av Pljevlja

Pljevlja (kyrillisk Пљевља ) er ein by og kommune nord i Montenegro. Kommunen grensar til kommunane Žabljak, Bijelo Polje og Mojkovac i tillegg til Serbia og Bosnia-Hercegovina.

Kommunen har eit areal på 1 346 km² og er den tredje største i Montenegro ut frå areal. Byen ligg i ei høgd på 770 meter over havet og det høgaste punktet i kommunen er Ljubišnja på 2 238 moh, medan den lågaste delen av kommunen ligg ved Tarakløfta i 520 meter over havet. Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 24 542 innbyggjarar etter dei førebels resultata.[1]

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

I 2011 hadde kommunen 30 786 innbyggjarar.[2] Dei største busetnadene i kommunen var:

Folketal 2011[2]
Pljevlja 19 136
Židovići 694
Komine 565
Šula 340
Crljenice 310

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]