Hopp til innhald

Sølvnitrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sølvnitrat


Systematisk namnSølvnitrat
Andre namnHelvetesstein, lapis
Kjemisk formelAgNO3
Atommasse168,89291486 atommasseeining
Eigenskapar
Tettleik4,35
Smeltepunkt212
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve

Sølvnitrat er ei giftig og etsande kjemisk sambinding av sølv, nitrogen og oksygen. I si reine form ved romtemperatur og i atmosfærisk trykk opptrer stoffet som gjennomsiktige eller kvite krystallar.

Teknisk bruk

[endre | endre wikiteksten]

Sølvnitrat vert brukt i fotografisk film og i framstillinga av fargestoff. Dessutan utgjer det «kjelda» til sølv ved forsølving (mellom anna forsølving av glasplater som dermed blir til speglar).

Giftig verknad

[endre | endre wikiteksten]

Sølvnitrat er giftig ved inntak gjennom munnen eller nasen. Ved kontakt med hud kan stoffet skape brune misfargingar som gradvis blir svarte. Desse misfargingane kan ikkje vaskast vekk eller fjernast — har ein først fått dei, må ein vente på at huda blir sliten vekk, og ny flekkfri hud vert danna innanfrå.

Løysningar med låge konsentrasjonar (t.d. 1 %) sølvnitrat verkar antiseptisk, og har tidlegare vore brukt som augedropar på nyfødde. Lapisstift vert framleis i nokon grad nytta i behandling av sår.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sølvnitrat