Who Made Who
Who Made Who Filmmusikkalbum av AC/DC | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. mai 1986[1] | |
Innspelt | Januar 1976 – desember 1985 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 37:50 | |
Selskap | ||
Produsent | ||
AC/DC-kronologi | ||
---|---|---|
Fly on the Wall (1985) |
Who Made Who | Blow Up Your Video (1988)
|
Singlar frå Who Made Who | ||
|
Who Made Who er eit filmmusikkalbum av det australske hardrockbandet AC/DC. Det kom ut 26. mai 1986 og inneheld musikk nytta i Stephen King-filmen Maximum Overdrive. Albumet km ut på ny i 2003 som ein del av AC/DC Remasters-serien.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Tre spor på albumet – «Who Made Who» og instrumentalane «D.T.» og «Chase the Ace» – vart nyskrivne og spelte inn av AC/DC til albumet. Dei resterande spora var tidlegare gjevne ut av bandet. Berre éin låt, «Ride On», inneheld den tidlegare solovokalisten Bon Scott, som døydde i 1980. Alle dei andre er med erstattaren hans, Brian Johnson.
Saman med albumet gav bandet ut ein 73 minutt lang videokassett som inneheldt musikkvideoar til låtane «Who Made Who», «You Shook Me All Night Long», «Shake Your Foundations» (remixa), «Hells Bells» og opptak frå ei konsertframføring av «For Those About to Rock (We Salute You)», som vart filma i Detroit i 1983.[2]
Videoen til tittelsporet, regissert av David Mallet, vart spelt inn på Brixton Academy i London og har eit tema med tallause klonar av AC/DC-gitaristen Angus Young. Ifølgje boka AC/DC: Maximum Rock & Roll bestod desse klonane av hundrevis av fans som kom frå heile Storbritannia, og mange av dei sov i sprengkulda framfor Brixton Academy for å få høvet til å delta. Denne gruppa bestod av ca. 300 medlemmer av den britiske fanklubben til bandet og andre som berre hadde høyrt om arrangementet på radio.
Tekstar
[endre | endre wikiteksten]Songen «Who Made Who» vart skriven til Stephen King-filmen Maximum Overdrive, som dreidde seg om maskiner som vert levande og byrjar å drepa menneske. Teksten utforskar ideen om at dingsane og apparata som menneska har skapt, kjem til å herska over menneska i staden for omvendt, ironien i at menneska blir underdanige under teknologien dei har skapt.[3][4]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [5] |
Christgau's Record Guide | B[6] |
Collector's Guide to Heavy Metal | 6/10[7] |
The Rolling Stone Album Guide | [8] |
Sjølv om filmen han vart laga til vart latterleggjort av kritikarane og floppa økonomisk, vart låten «Who Made Who» den mest suksessrike singelen til bandet på mange år, og nådde 16. plassen i Storbritannia og 33. plassen i USA.[9][10] Han vart òg kåra til nest beste låt i 1986 av lesarane av magasinet Hit Parader. I etterkant av dette vart det gitt ut ei nyutgiving av «You Shook Me All Night Long» frå albumet, som nådde 46. plassen i Storbritannia.[9] Albumet har selt fem millionar eksemplar i USA. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic kallar albumet «eit forrykande AC/DC-tilbakeblikk» og applauderer bandet for «reddande songar som «Sink the Pink» frå eit elles middelmåtig album.»[5]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Malcolm Young, Angus Young og Brian Johnson, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Who Made Who» | 3:27 | |
2. | «You Shook Me All Night Long» (frå Back in Black) | 3:30 | |
3. | «D.T.» (instrumental) | M. Young, A. Young | 2:53 |
4. | «Sink the Pink» (frå Fly on the Wall) | 4:13 | |
5. | «Ride On» (frå Dirty Deeds Done Dirt Cheap) | M. Young, A. Young, Bon Scott | 5:51 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Hells Bells» (frå Back in Black) | 5:12 | |
7. | «Shake Your Foundations» (remix; originalversjon frå Fly on the Wall) | 3:53 | |
8. | «Chase the Ace» (instrumental) | M. Young, A. Young | 3:01 |
9. | «For Those About to Rock (We Salute You)» (frå For Those About to Rock We Salute You) | 5:53 |
Video
[endre | endre wikiteksten]Ein VHS kalla «Who Made Who» vart òg gjeven ut for å marknadsføre albumet.
- «Who Made Who»
- «You Shook Me All Night Long» (alternativ versjon, filma i 1986 for å marknadsføre Who Made Who)
- «Shake Your Foundations»
- «Hells Bells»
- «For Those About to Rock (We Salute You)» [Joe Louis Arena, Detroit - November 1983]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]AC/DC
- Angus Young – sologitar
- Malcolm Young – rytmegitar, korvokal
- Cliff Williams – bassgitar, korvokal (spor 1–4, 6–9)
- Brian Johnson – solovokal (spor 1–4, 6–9)
- Simon Wright – trommer (spor 1, 3, 4, 7, 8)
Andre musikarar
- Bon Scott – solovokal (spor 5)
- Phil Rudd – trommer (spor 2, 5, 6, 9)
- Mark Evans – bassgitar (spor 5)
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[23] | 5× Platina | 350 000^ |
Tyskland (BVMI)[24] | Platina | 500 000^ |
Sveits(IFPI Switzerland)[25] | Gull | 25 000x |
Storbritannia (BPI)[26] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[27] | 5× Platina | 5 000 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Who Made Who» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «RIAA Salstrofé for AC/DC».
- ↑ Saulnier, Jason (22. januar 2009). «Simon Wright Interview». Music Legends. Arkivert frå originalen 27. september 2013. Henta 3. juli 2013.
- ↑ Christopher, Michael (8. november 2018). «Rock Music Menu: Film that revived AC/DC’s career, ‘Maximum Overdrive,’ hits Blu-ray». Henta 13. august 2020.
- ↑ «Who Made Us? Creation According to AC/DC». 10. oktober 2015. Henta 13. august 2020.
- ↑ 5,0 5,1 Erlewine, Stephen Thomas. Who Made Who på Allmusic
- ↑ Christgau, Robert (1990). «A». Christgau's Record Guide: The '80s. Pantheon Books. ISBN 0-679-73015-X. Henta 16. august 2020 – via robertchristgau.com.
- ↑ Popoff, Martin (1. november 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 11. ISBN 978-1894959315.
- ↑ «AC/DC: Album Guide». Rolling Stone. Henta 24. september 2012.
- ↑ 9,0 9,1 UK Singles chart - AC/DC
- ↑ {Who Made Who på Allmusic
- ↑ "AC/DC – Who Made Who". Australiancharts.com. Hung Medien.
- ↑ "AC/DC - Who Made Who" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
- ↑ "AC/DC – Who Made Who". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
- ↑ Pennanen, Timo (2021). «AC/DC». Sisältää hitin - 2. laitos Levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla 1.1.1960–30.6.2021 (PDF) (på finsk). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 9. Henta 27. juni 2023.
- ↑ "Offiziellecharts.de – AC/DC – Who Made Who" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
- ↑ "AC/DC – Who Made Who". Charts.org.nz. Hung Medien.
- ↑ "AC/DC – Who Made Who". Swedishcharts.com. Hung Medien.
- ↑ "AC/DC – Who Made Who". Swisscharts.com. Hung Medien.
- ↑ "AC/DC | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
- ↑ "AC DC Album & Song Chart History" Billboard 200 for AC DC. Prometheus Global Media.
- ↑ «Top Billboard 200 Albums – Year-End 1986». Billboard. Henta 30. desember 2020.
- ↑ «Top 100 Metal Albums of 2002». Jam!. Arkivert frå originalen 12. august 2004. Henta 23. mars 2022.
- ↑ «ARIA Charts – Accreditations – 2013 Albums». Australian Recording Industry Association.
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (AC/DC; 'Who Made Who')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie.
- ↑ «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (AC/DC; 'Who Made Who')». Hung Medien.
- ↑ «British album salstrofé – AC/DC – Who Made Who». British Phonographic Industry. Enter Who Made Who in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – AC/DC – Who Made Who». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH