Jailbreak av AC/DC
Jailbreak Singel av AC/DC frå albumet Dirty Deeds Done Dirt Cheap and the EP '74 Jailbreak | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. juni 1976 | |
Innspelt | January 1976 | |
Studio | Albert (Sydney) | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 4:36 | |
Selskap | Albert | |
Tekstforfattar | Malcolm Young, Angus Young | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | ||
AC/DC-kronologi | ||
«T.N.T.» (1976) |
Jailbreak | «Dirty Deeds Done Dirt Cheap» (1976)
|
«Jailbreak» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC. Han er det niande og siste sporet på det tredje australske albumet deira, Dirty Deeds Done Dirt Cheap, gjeve ut i september 1976. Songen kom ikkje ut i Nord-Amerika før i 1984. Han var skriven av Angus Young, Malcolm Young og Bon Scott.[1]
Utgivingar
[endre | endre wikiteksten]Han vart først gitt ut som singel i Australia og Storbritannia i midten av 1976, med ikkje-albumsporet «Fling Thing» som B-side. Singelen vart gitt ut på nytt i Storbritannia i 1980 med biletomslag.[1]
Ettersom «Jailbreak» berre var inkludert på den australske versjonen av Dirty Deeds Done Dirt Cheap, og ikkje på den internasjonale versjonen, vart han ikkje gitt ut i USA, Canada og Japan før i oktober 1984 som ein del av den internasjonale EP-en 74 Jailbreak og som ein amerikansk singel, med «Show Business» som B-sida.
Liveinnspelingar
[endre | endre wikiteksten]«Jailbreak» vart inkludert på konsertalbumet Live: 2 CD Collector's Edition frå 1992, sunge av erstattaren til Bon Scott, Brian Johnson. Denne liveinnspelinga inneheld òg utvida gitarsoloar av Angus Young. Ein annan versjon, spelt inn i Dallas i 1985, òg sunge av Johnson, vart inkludert på 12"-versjonen av singelen «Shake Your Foundations». Heile versjonen på 13:22 vart seinare inkluderte på samlealbumet Backtrack frå 2009.
Versjonen frå showet på Live at Donington er inkludert i AC/DC Live: Rock Band Track Pack.
Video
[endre | endre wikiteksten]Musikkvideoen til «Jailbreak» vart filma i mars 1976 for det australske musikkprogrammet Countdown. Filmen vart regissert av Paul Drane i eit steinbrot i Melbourne-forstaden Albion, nær Sunshine.[1][2] Videoen viste den dåverande besetninga til bandet spela songen. Angus Young er kledd i det han seinare skildra som «liten fangepyjamas», Bon Scott og Phil Rudd er kledd i blå fangeuniform dekt med typisk australsk Broad Arrow, og Malcolm Young og Mark Evans er kledd som vaktar.[3]
I tillegg speler bandet den delen av songen som skildra flukta til hovudpersonen frå fengselet. Filmen viser fangane (Scott, Angus og Rudd) i hardt arbeid under oppsyn av fangevaktarane (Malcolm og Evans). Seinare klarer fangane å sprengja opp portane til fengselet. Rudd og Angus klarer å rømma, men Scott blir skoten av Malcolm og Evans då han prøver å gjera det same. Videoen er dubba med studiosporet frå albumet Dirty Deeds Done Dirt Cheap[4].
«Jailbreak» er ein av dei første videoane som bruker eksplosiv og falskt blod. Drane er sitert på å seia: «Me visste eigentleg ikkje kor mykje [sprengstoff] me kom til å trenga for å få dørene til å flyga opp, og eg hadde eit par karer frå rekvisitt med pinnar som prøvde å skyva dørene frå kvarandre, så hengsla er eigentleg ikkje der ... Det var første gong me hadde tilgang til noko slikt, desse eksploderande blodpakkane».
Denne videoen var med på AC/DC-DVD-en Family Jewels. Ein alternativ video, der bandet berre speler på ei scene, vart òg filma og er tilgjengeleg i boksen Backtrack.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Bon Scott – solovokal
- Angus Young – sologitar
- Malcolm Young – rytmegitar, korvokal
- Mark Evans – bassgitar[5]
- Phil Rudd – trommer
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Vekeslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1976) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[6][7] | 10 |
Årslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1976) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[6] | 63 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jailbreak (AC/DC song)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mai 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Wall, Mick (2012). AC/DC: Hell Ain't a Bad Place to Be. London: Orion Publishing group. ISBN 9781409115359.
- ↑ Evans, Mark, Dirty Deeds: My Life Inside/Outside of AC/DC, Bazillion Points, 2011
- ↑ Healy, James (30. september 2000). «Angus young keeps a stiff upper lip». Lodi News-Sentinel. Henta 21. mai 2010.
- ↑ Videoopptak og liner notes, Family Jewels 2-disc DVD-sett 2005
- ↑ Saulnier, Jason (30. september 2011). «Mark Evans Interview». Music Legends. Arkivert frå originalen 7. november 2012. Henta 6. mai 2013.
- ↑ 6,0 6,1 «National Top 100 Singles for 1976». Kent Music Report. 27. desember 1976. Henta 18. mai 2023 – via Imgur.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 11. ISBN 0-646-11917-6.