Hopp til innhald

The Times

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Times

LandStorbritannia[1]
TypeDagsavis, nettavis, avis,[2] periodikum[2]
Grunnlagd1. Januar 1785'"`uniq--ref-00000009-qinu`"''"`uniq--ref-0000000a-qinu`"'
EigararNews International, News Corporation
Grunnlegger(ar)John Walter
Redaktør(ar)Flora Shaw (1893),[3] Robert Barrington-Ward (1941– 1948), James Harding (12. desember 2007– desember 2012)[5][6]
SpråkEngelsk[3][2]
HovudkvarterLondon
ISSN0140-0460, 0956-1382, 1363-7746
OCLC992611467[2]
Nettstadhttps://www.thetimes.com/ (engelsk)

The Times er ei britisk avis som kjem ut dagleg over heile landet, og som tradisjonelt har vore sett på som svært etterretteleg. Ho blir i dag utgjeven av News International, eit dotterselskap av News Corporation som mediemagnaten Rupert Murdoch eig.

I over to hundre år kom The Times ut i stort avisformat. I 2004 følgde ho eksempelet til The Independent og bytta til tabloidstorleik.

Avisa hadde i november 2005 eit gjennomsnittleg dagleg opplag på 692 581, ein rekord for den noverande redaktøren Robert Thomson. Dette er høgare enn konkurrenten The Daily Telegraph i laussal, men det totale salet av Telegraph er 905 955 på grunn av rundt 300 000 abonnentar.

«Ekte» tabloidaviser hadde mykje større opplag, størst i England for The Sun med 3 274 855.

Avisa blei grunnlagd i 1785 av John Walter. The Times var den første avisa som sende eigne korrespondentar utanlands, og den første som brukte krigsreportarar. W. H. Russell, som følgde den britiske hæren i Krimkrigen, fekk stor innverknad med stykkene han sende til avisa.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: The Times
Commons har multimedium som gjeld: The Times