Vientiane
ວຽງຈັນ | ||
---|---|---|
Vientiane | ||
Styresmakter | ||
Land | Laos | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2020) |
948 487 | |
Koordinatar | 17°58′00″N 102°36′00″E / 17.96667°N 102.60000°E | |
Høgd over havet | 174 m | |
Tidssone | UTC+07:00 (UTC) | |
Plassering | ||
Vientiane er hovudstaden i Laos og ligg ved elva Mekong. Byen hadde i 2005 eit innbyggjartal på 646 500. Han er ein administrasjons- og handelsby. Ved Vientiane kan berre små fartøy sigla på Mekong. Byen har ei internasjonal lufthamn, universitet og ei rad andre utdannings- og forskingsinstitusjonar. Vientiane har også mange buddhisttempel og nasjonalmonumentet Pha That Luang. Det tidlegare kongeslottet i byen er no regjeringsbygg.
Byen vart grunnlagd på 1200-talet. Kong Setthathirath gav byen status som hovudstad i Lan Xang i 1560. Då Lan Xang fall i 1707 vart Vientiane eit sjølvstendig kongedøme. I 1779 vart byen erobra av den thailandske generalen Phraya Chakri, og vart ein vasallstat til Siam. Vientiane vart hovudstad i det franskstyrte Laos i 1899.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Vientiane» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.